Folkehelseinstituttet anbefalar vaksine til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke

 

Born og vaksne med:

  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Nedsett infeksjonsforsvar
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom

 

I tillegg vert det anbefalt at helsepersonell, husstandskontakter til personar med nedsett infeksjonsforsvar og svinerøktarar let seg vaksinere.

 

Du kan også få vaksine mot lungebetennelse samtidig, dersom dette er anbefalt av fastlegen din. Denne vaksina skal ikkje takast årleg.

 

Influensavaksina kostar kr 210,- og lungebetennelsevaksina kostar kr 400,- i tillegg kjem enkel pasientkontakt på kr 56,-

 

Influensavirus endrar seg heile tida. For å oppnå best mulig beskyttelse vert vaksina tilpassa kvart år. Vaksina bør takast frå oktober-desember og full beskyttelse oppnås etter 10-14 dagar.

 

Henvend deg i luka eller ring oss for å bestille tid til influensavaksinering, dersom du ikkje kan møte på oppsette dagar.