Legane ved Vestnes legesenter kan no tilby videokonsultasjon.

 

Prisen for pasienten er vanlig konsultasjonstakst, og du får tilsendt sms med betalingsopplysningar i etterkant av timen. 

 

Videokonsultasjon kan f. eks brukast dersom det ikkje er nødvendig med fysisk undersøkelse, eller dersom pasienten av ulike årsakar ikkje kan møte på legekontoret. 

Time for videokonsultasjon bestillast på vanleg måte. 

 

Slik foregår det:

1. Legen sender ein lenke til deg via SMS

2. Lenka åpnar du på smarttelefon eller nettbrett

3. Du indentifiserar deg med navn og telefonnr. 

4. Du blir sendt til eit digitalt venterom, møt opp ca 5. min. før "videotimen" startar

5. Du blir ringt opp når legen er klar