Ny fastlege etter Dr. Fjeldheim,skulle starte 11. januar etter avvikla karantene. Dette vart midlertidig utsatt på ubestemt tid, grunna sjukdom. 

Alle pasientane på denne lista blir automatisk flytta og treng ikkje gjera noko. 

Sherif Sabry er 58 år. Han kjem opprinneleg frå Egypt, men har arbeida i Sverige sidan 1992. Dr. Sabry har mange års erfaring innan allmennpraksis og tek over fastlegelista til Jan Fjeldheim.