Frå 1. januar 2015 vert innbyggarane i Vestnes kommune knytt til Legevakta for Norddal, Stordal, Vestnes og Ørskog

På natt vil Vestnes kommune vere tilknytt legevakta i Ålesund (etter kl. 22 vil legevaktsnummeret bli kobla direkte til Ålesund legevakt).

På kvardag frå kl. 08.00 til 15.30 har Vestnes legesenter ansvar for øyeblikkelig hjelp som før.

 

Aktuelle telefonnummer etter 1. januar 2015:

Ved akutt behov for legehjelp: 113

Øyeblikkeleg hjelp utanom kontortid ( kl.1530-0800 og helg)  legevaktsnummer:

70 27 03 00

Øyeblikkeleg hjelp i telefontida til legesenteret: 71184100

Øyeblikkelig hjelp/behov for ØH kontakt med legesenteret på kvardagar utanom telefontid ( kl 08-09): 974 96 602

 

Telefontid Vestnes legesenter: kl 09.00-15.30

 

Opningstider legevakta i Norddal, Stordal, Vestnes og Ørskog:

(Legevakta er bemanna med hjelpepersonal i tillegg til vakthavande lege i opningstida)

Kvardager: kl. 15.30-22.00

Laurdag, søndag og helligdagar: kl. 12.00-18.00(vakthavende lege aleine i tidsrom 08.00-12.00, 18.00-22.00)

Legevakta er på Sjøholt i underetasjen på sjukeheimen, er skilta frå hovedvegen.

Legevakta i Ålesund har besøksadresse Åsehaugen 5, bygget er på nordaustlege hjørnet av Ålesund sjukehus.