Senteret sitt bannerbilde

Spørsmål og svar

Husk at det oftast er lettare å få kontakt med kontorpersonalet ved å benytte SMS eller internett istaden for telefon

 

Kva om eg treng akutt legehjelp?

Ring 113 eller ring vårt naudnummer 97496602

 

Kva om eg vert sjuk utenom kontorets åpningstid?

Om tilstanden kan vente til neste arbeidsdag, send SMS eller internettmelding der og da, eller ring neste morgen i telefontida, så får du time neste dag. Om ikkje fastlegen er tilstades vil du då få time hjå ein av dei andre legene.

Om tilstanden ikkje kan vente til neste dag anbefales å kontakte legevakt på tlf nr. 70 27 03 00 / 116117

 

Korleis kan eg få ein vanlig legetime?

Det enkleste er å sende ein SMS  eller bestille på internett via heimesida. Det er greitt å få inn bestillinga så tidlig som mogleg: vi skal kunne tilby time same dag om bestillinga skjer før kl. 1130 aktuelle dagen.

Om du kjem direkte til legekontoret for time har vi oftast diverre ikkje moglegheit for å gje timar der og då, men det vil kunne tilbys time på eit nærmare angitt tidspunkt seinare på dagen (tidspunkt vil avhenge sjølvsagt av alvorlegheitsgrad).

 

Treng eg melde meg i luka når eg kjem til legetime?

Nei, som hovedregel ikkje - ein kan sette seg direkte på venterommet. Viss ein har avtale om å ta blodprøver rett før timen vil vil gjerne ha beskjed i luka

 

Korleis fungerer kølapp-systemet?

Dersom du treng kontakt med  helsesekretær i luke så trekk ein kølapp ved ankomst. Vi er takknemlege om du så kan setje deg ned i ventetida, ditt kønummer vil bli annonsert etter tur; der er to skjermar i taket framfor lukene samt ein skjerm mot venterommet som viser kønummera 

 

Kvifor må ein av og til vente utover angitt tidspunkt for legeavtale?

Legane jobbar aktivt med pasienter gjennom arbeidsdagen, men har også telefonar frå sjukehus eller andre samarbeidspartnerar samt anna øyeblikkelig hjelp som må prioriteres akutt av og til. Det er diverre difor slik at det ofte kan bli forsinkelse iløpet av dagen. Vi ber om forståelse for dette, men dersom det skaper store vanskar for deg ver venlege ta kontakt med kontorpersonalet.

 

Kva gjer eg om eg berre vil snakke med legen i telefon?

Legane vil fortsatt kunne ha nokre såkalla telefontimar (ofte på slutten av dagen), men vi opplever eit større behov for konsultasjonar istadenfor telefonsamtale, og vi ynskjer i størst mogleg grad å unngå vere "telefondoktorar". Vi vil difor heller ha lav terskel for å ta pasientar inn til ein kort time.

 

Kva om eg treng ei sjukmelding,/vil forlenge ei sjukmelding?

Dei fleste arbeidstakarar har eigenmeldingsdagar som skal kunne takast ut før ein søkjer lege, antall slike dager varierar (sjekk på din arbeidsplass) Etter retningslinjene skal sjukmelding gis etter at maksimal antall eigenmeldingsdagar er oppbrukt, og nokon gongar kan det vere uhensiktsmessig å bestille time før dette er aktuelt.

Ellers vil ein som hovudregel no ha pasientar inn til time uansett årsak til sjukmelding om ikkje anna er avtalt med fastlegen, og ein vil også be om at pasientar som ynskjer forlenging av sjukmelding bestiller time.

 

 

Kva gjer eg om eg vil ha ein legeattest?

Enkle legeattestar vil fortrinnsvis settast opp som korte legetimar. Større legeattestar/helseattestar kan krevje meir tid, og vi må kanskje få sette opp ein lengre time for det;  av og til vil det då vere vanskelig å gje time same dag for helseattest, men vil tilbys lengre time snarast råd.

 

Kva om eg ynskjer å få nye resepter på fastmedisin?

Kontakt oss som angitt over, resepter blir no sendt elektronisk og kan hentast direkte ved apotek. Vi gjer merksame på at vi har 1 dags behandlingstid på reseptbestilling. Om det er større endringer på fast medisin (etter sjukehusinnleggelse eksempelvis) kan det ofte vere hensiktsmessig med ein konsultasjonstime ved reseptfornyelse.

 

Eg er gravid, korleis gjer ein det med timer då?

Legane samarbeider med kommunejordmora om svangerskapsoppfølgning, og det er den gravide sine ynskjer og behov som skal vere bestemmande for korleis timer vert oppsett. Ved 1.gg svangerskapskontroll ynskjer legane oftest ein lengre time ("dobbelttime"). Legetimer ved svangerskapskontroll er gratis. Hugs å ta med urinprøve!

 

Kva gjer eg om eg trur eg har fått urinvegsinfeksjon/blærekatarr?

Dette er ein hyppig kontaktsårsak, og vi ynskjer no at du fortrinnsvis bestiller ein legetime som angitt over. Hugs å ta med urinprøve, som leveres til helsesekretær i luke ved ankomst (nb kølapp.. :)  )

 

Kva om eg skal måle INR og få dosert marevan?

Den enkelte fastlege bestemmer sjølv om dei ynskjer korte legetimer ved INR kontroll, også fordi det kan vere store variasjoner i dosering frå pasient til pasient. Som ein hovudregel ynskjer vi at pasientar som treng INR kontroll tek kontakt på SMS eller telefon først for å gjere nærmare avtale.

 

Eg har fått blodprøveskjema tilsendt frå sjukehuset og bedt om å ta prøvene hjå legesenteret, korleis gjere det?

Sjå laboratoriets åpningstider, og sjå spesielt etter om det er bedt om fastende blodprøver. Ta kontakt på førehand med legesenteret telefonisk om du er i tvil på kva tidspunkt prøver bør takast.  Henvend deg i luka med skjemaet ved oppmøte.

 

Kva med diabetes kontrollar?

Vil bli satt opp til ordinære kontrolltimer av fastlegen, som tidligere. Ein vil også kunne få eit avtalt tidspunkt for blodprøvetaking (dette vert avtalt med fastlege frå gong til gong)

 

Eg har ikkje fastlege ved Vestnes legesenter, kan eg få legetime likevel?

Alle som har opphald i Vestnes og har behov for øyeblikkelig hjelp frå lege har krav på vurdering hjå oss. Ordinære legetimer må ellers bestillast  hos registret fastlege. Ta kontakt med oss per telefon om tvil.

 

Asylsøker og behov for legehjelp?

Bestille legetime i tråd med Time samme dag prinsippet. Tolk bestilles da til timeavtalen om det er behov for det.

 

Eg jobber i heimesjukepleien og har behov for å drøfte ein pasient, kva gjer eg?

Heimesjukepleien er oppfordra til å bestille ein time når dei har pasientar dei vil diskutere. Pasienten blir IKKJE belasta konsultasjonstakst for dette.

 

Kva om eg er misfornøgd med fastlegen min? 

Vi ynskjer at du som pasient tar dette opp med legen din i forbindelse med ein time. Da kan evt. misforståingar verte oppklart og dette kan av og til legge grunnen for ein bedre relasjon mellom lege og pasient. Nokon gongar kan det likevel vere fornuftig for begge partar å skifte fastlege. Du vil finne moglegheita for å bytte fastlege under helfo sine heimesider. Du kan normalt bytte fastlege to gonger per år.

 

Kva om eg gløymer legetimen min? 

Hovudregelen er at du må dekke tapt arbeidsfortjeneste for fastlegen, fordi du har opptatt ein time. Dette blir då eigenandel og tapt trygderefusjon + et faktureringsgebyr. Hugs å bestille ny time om problemstillinga framleis er aktuell.